Tilbake til alle arrangementer

Anne-Marte Før: Ti krakkar er til å sitja på


Anne-Marte Før: Ti krakkar er til å sitja på

Laurdag 2. mars kl. 15–18
Onsdag 6. mars kl. 12–17
Laurdag 9. mars kl. 12–17
Syndag 10. mars kl. 12–17

Det er ikkje lenger avstand mellom dei gamle tinga og meg og no. Eg hatar dei like hardt som eg likar dei, eg vil tenne på tømmerhuset og samstundes ta vare på det.

Etterburden vart lagt i eit spann, ein hesleg fugl flaug opp.
Den varme mjølkespruten stod mot epoxymåla betong.

Utstillinga Ti krakkar er til å sitja på er Anne-Marte Før si avgangsutstilling for master ved Kunsthøgskolen i Oslo, avd. Kunstakademiet. Før jobbar med kulturhistoriske materialar i vid forstand, med undersøkingar av omforming, fråvær, mellomrom og tid. Ho er interessert i strekket mellom stadbundne og flytande identitetar og i korleis gjenstandar, songar, forteljingar, kunst og kunnskap endrar seg gjennom traderingsprosessar.

6. mars vil Faux Fair, den årlege bokmessa til biblioteket ved Kunsthøgskolen i Oslo, halde til i Meierisalen på Guttormsgaards arkiv. Noverande og tidlegare studentar syner fram bøker. 9. og 10. mars blir det også messe, bokutstilling, lanseringar m.m. (sjå eige program).

***

There is no longer a distance between the old objects and me and now. I hate them as intensely as I like them, I want to set fire to the old log house and, at the same time, take care of it.

The afterbirth was put in a bucket, a hideous bird flew up.
The warm milk spray against the epoxy-coloured concrete.

The exhibition Ti krakkar er til å sitja (Ten stools for sitting on) is Anne-Marte Før’s graduation exhibition for her master's degree at the Oslo National Academy of the Arts. Før works with cultural-historical materials in a broad sense, reflecting on transformation, absence, gaps, and time. With an interest in location-bound and fluid identities and how objects, songs, stories, knowledge, and art change through processes of passing on traditions.

Forrige
Forrige
7. november

Tømmerstokkens liv

Neste
Neste
6. mars

Faux Fair 2024